NB! Dette er en stilling fra vårt arkiv - hvilket betyr at søknadsfristen er utløpt. Se seksjonen ledige stillinger for aktive stilingsutlysninger.

GIEK (Garantiinstituttet for eksportkreditt) er underlagt Nærings- og fiskeridepartementet. Samfunnsoppdraget er å stille garantiar i forbindelse med norsk eksport og investeringar som bidreg til sysselsetting og verdiskaping i Noreg. GIEK betener i hovudsak bankar og bedrifter, men er òg fagleg rådgjevar for regjeringa om internasjonale regelverk for eksportfinansiering. GIEK har kontor i Oslo og 95 tilsette. www.giek.no

BI-utviklar/Data analyst

GIEK har nå ledig stilling som BI-utviklar/Data analyst (Senior rådgjevar). Stillinga rapporterar til IT-sjefen og har ansvaret for utviklinga av GIEK sitt datavarehus og løysingar for analyse og rapportering i samarbeid med forretningssida. Vidare følgjer også ansvar for å integrere alle aktuelle datakjelder internt og eksternt. Du vil bli del av IT og dokumentforvaltningsseksjonen, hvor det for tida er 11 kompetente medarbeidarar.

 

Arbeidsoppgåver

  • Utvikling og vedlikehald av analysar og rapportar med QlikView/Qlik Sense 
  • Utvikling av datavarehus med Discovery HUB (TimeXtender)
  • Utvikle SQL/databasescript 
  • Installasjon og konfigurasjon av SQL Server, SQL tuning
  • Intern drift av SQL Server 
  • Bistå sluttbrukarar med opplæring og adopsjon
  • Bistå IKT drift etter behov

 

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på høgskulenivå innan økonomi/administrasjon og/eller IKT. Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • Erfaring frå IT-prosjekt og forvalting av IT-løysingar i statleg eller kommersiell verksemd
  • Kunnskap og erfaring frå optimalisering av dataspørjingar og databasetuning
  • God kunnskap om BI-verktøy, SQL, Datavarehus, QlikView

 

Eigenskapar

  • God forretningsforståing og evne til å omgjera GIEKs behov til utvikling innan IKT-området
  • Handlekraftig og mogelegheitsorientert holdning
  • Evne til å kommunisera både med teknisk og ikkje-teknisk personale
  • Evne til å motivera og engasjere gjennom gode formidlingseigenskapar 
  • Engasjement for eiget fagområde og evne til å byggje tillit og relasjonar 
  • Gode språkkunnskapar i norsk og engelsk, muntleg og skriftleg

 

Vi tilbyr

I GIEK vil du møte spennande utfordringar i ei kompetansebedrift med god kjennskap til norsk eksport og internasjonal handel. Vi har eit godt arbeidsmiljø, og du får gode moglegheiter for oppdatering og utvikling hjå oss. Vi held til i attraktive lokaler på Aker Brygge i Oslo sentrum. Lønn etter avtale iht. Statens lønnsregulativ.

Vi gjer merksom på at opplysningar om søkjar kan bli gjord offentleg, sjølv om søkjar ber om ikkje å bli oppført på søkjarliste jamfør Offentleglova §25. Det vil i så fall bli opplyst om. 

Om ønskeleg kan innleiande kontakt med vår rådgjevar være konfidensiell, også overfor GIEK.

Spørsmål om stillinga kan rettast til IT-sjef Bent Norman Lund, 930 21 552 - eller rådgjevar Ole Jan Rimstad i Prime People HR Solutions, 995 93 014. 

Søknadsfrist 11. november

 

Publisert: 12.11.2018
Deadline: 11.11.2018
 
Stillingstype: Fast
Ref. nr: 71648
 
Arbeidssted:

Spørsmål til stillingen?

Ole Jan Rimstad, Rådgiver i Prime People HR Solutions
99593014

NB! Dette er en stilling fra vårt arkiv - hvilket betyr at søknadsfristen er utløpt. Se seksjonen ledige stillinger for aktive stilingsutlysninger.