GIEK (Garantiinstituttet for eksportkreditt) er underlagt Nærings- og fiskeridepartementet. Samfunnsoppdraget er å stille garantier i forbindelse med norsk eksport og investeringer som bidrar til sysselsetting og verdiskaping i Norge. GIEK betjener hovedsakelig banker og bedrifter, men er også faglig rådgiver for regjeringen om internasjonalt regelverk for eksportfinansiering. GIEK har kontor i Oslo og 95 ansatte. www.giek.no

Leiar for Juridisk og bærekraft

Stillinga som leiar for seksjon Juridisk og bærekraft i GIEK er nå ledig. Seksjonen har utvikla seg vesentlig dei siste åra, og vi søkjer no ein fagleg sterk og engasjerande leiar til å utvikle den vidare.

Seksjonen har i dag 14 kompetente medarbeidarar, 12 av dei er advokatar/juristar, medan to har miljøfagleg kompetanse. I tillegg til det overordna ansvaret for vurdering og implementering av verksemda sine juridiske og regulatoriske problemstillingar, har seksjonen miljø- og sosialfagleg kompetanse (bærekraft) som del av sitt ansvarsområde.

Saksbehandlarane deltar oftast i saksteam som behandlar heile verksemda sine ulike juridiske og bærekraftfaglige utfordringar. Seksjonen og medarbeidarane arbeider tett saman med garantiavdelingane med handsaming av garantisøknadar, samt oppfølging av aktive garantiar, utsette engasjement og misleghald.

Seksjonsleiaren vil ha fag- og personalansvar for seksjonen sine medarbeidarar. Stillinga vil rapportere til Avdelingsdirektør Juridisk og regulatorisk, og inngå i GIEK i utvida leiargruppe.

 

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg drift, utvikling og personalleiing i seksjonen
  • Planlegging, budsjettering og oppfølging av seksjonen sine ansvarsområder
  • Sikre høg kvalitet på seksjonen sine tenester til garantiavdelingane, og på effektiviteten i kredittsakshandsaminga
  • Møte i kredittkomité og utvida leiargruppe etter avtale
  • Holde god kontakt med aktuelle samarbeidspartnarar, kundar og leverandørar
  • Bidra i arbeidet med å utarbeide, vedlikehalde og forenkle retningslinjer og rutiner innafor garantiprosessen

Kvalifikasjonar

  • Universitetsutdanning på Masternivå innan jus
  • Advokatbevilling og solid erfaring med finansjuridiske problemstillingar  
  • Må kunne få sikkerhetsklarering
  • Det er ønskjelig med erfaring frå leiing av matriseorganisasjonar eller stab- og støttefunksjoner i statlig og/eller kommersiell verksem.

Egenskapar

  • God forretningsforståing
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Analytisk og strukturert arbeidsstil
  • Gode språkkunnskapar i norsk og engelsk, muntleg og skriftleg

Vi tilbyr

  • I GIEK vil du møte spennande utfordringar i ei kompetansebedrift med god kjennskap til norsk eksport og internasjonal handel. 
  • Vi har eit godt arbeidsmiljø, og du får gode moglegheiter for oppdatering og utvikling hjå oss.
  • Vi held til i attraktive lokaler på Aker Brygge i Oslo sentrum. Lønn etter avtale iht. Statens lønnsregulativ.

 

Vi gjer merksom på at opplysningar om søkjar kan bli gjord offentleg, sjølv om søkjar ber om ikkje å bli oppført på søkjarliste jamfør Offentleglova §25. Det vil i så fall bli opplyst om. Om ønskeleg kan innleiande kontakt med vår rådgjevar være konfidensiell, også overfor GIEK.

Noe møte- og reiseaktivitetar må påreknas.

Spørsmål om stillinga kan rettast til avdelingsdirektør Ståle Torgersbråten, 996 31 308 - eller rådgjevar Ole Jan Rimstad i Prime People HR Solutions, 995 93 014. 

Søknadsfrist 31. oktober

Publisert: 12.10.2018
Søknadsfrist: 31.10.2018
 
Stillingstype: Fast
Antall stillinger: 1
Ref. nr: 70961
 
Arbeidssted: Støperigaten 1
0250 Oslo

Spørsmål til stillingen?

Ståle Torgersbråten, Avdelingsdirektør i GIEK
+47 996 31 308

Ole Jan Rimstad, Partner i Prime People HR Solutions
+47 995 93 014